Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Enno er det mykje å læra

Vesle vitet – og vesle livet strekk ikkje til. Kunnskapsmengda veks fortare enn vi klarar å absorbera. Samtidig utvidar kunnskapsformidlinga seg formidabelt og gjev oss tilgangar vi aldri kunne drøyme om i tidlegare tider. Dagsens unge menneske har meir informasjon tilgjengeleg enn summen av alle tidlegare generasjonars berg av kunnskap. Likevel går mykje verdifull røyndom tapt og vert skifta ut med sokalla gangbar og omsetteleg kunnskap.

Fjorden min
Eg sit og ser på fjorden – ein fjord eg vaks opp ved og har ”studert” heile livet. Ikkje som marinebiolog – men som beundrar av det vakre og spanande ved fjorden og årstidsskiftingane. Fargane, rørslene, livet i overflata - og fuglane som bur ved fjorden og bokstaveleg lever i eit estetisk symbiotisk samspel. Kva var fjorden utan fuglane - og kva var fuglane utan fjorden?

Eg er frigjort frå fjorden – treng ikkje hausta slik forfedrane gjorde. Fiskematen kjem frå frysediskar. Eg lystfiskar ein sommarmakrell og steikjer han berre for å ha kjensle av å ha kontakt med naturmennesket i meg. Men frigjeringa frå fjorden har gjort meg vankunnig på eit område der tidlegare folk visste mykje meir. Eg veit knapt kvar hummaren og hysa bur i denne fjorden – og spør du meg om mè og midtfjords fiskeplassar, må eg sanne mi vankunne. Ikkje kunne eg lære nye generasjonar å livnære seg frå denne fjorden. Om nauda skulle tvinge nakne kjerringar til å lære å spinne – og lære utsvelta kallar å egne ei line. Eg tykkjer eg ser føre meg dei høgskulelærde naboane mine og eg sitja ved fjordbukta med ei kastenot mellom hendene og vakta på sild og makrell!

Siste fjordulken
Eg hugsar den siste fjordulken i bygda. Gamle kroken var på sjøen kvar dag og drog storfisk på stader han kunne alt om. Låg trufast midtfjords på mè ingen no kan peila inn. Brukte fiskereiskapar og agn som ingen no nyttar. Eg ser luksusbåtane kryssa gløymde fiskeplassar i djupet utan at skipparen lear på ein ugge. Skipskjøleskapet, på storleik med eit gamalt stabbur, inneheld nok havdelikatessar. Utan å bry seg med å søle med snøre og fiskeblod. Fjordulken gjekk i grava med alt han kunne om sjøfiske. Ingen spurte han – og med han gjekk hundre generasjonars røynsle same vegen.

No ligg fjorden der mest like gåtefull som før menneska fann han første gongen. Jomfrueleg vakker og løyndomsfull. Berre fuglane veit litt kva rikdom og nytte som finst under yta. Ein stakkars villfaren landkrabbe kan kjenne seg som analfabet på sin eigen barndoms fjord.

Naturkunnskap er ikkje noko overlevingssak i den vestlege verda. Natur er nyting og fråtsing i estetiske opplevingar. Men frigjeringa frå denne kunnskapsbasen gjer oss åndeleg fattigare. Fantasien, spaninga og fangstgleda ved naturhausting er ei grunnleggande kjensle vi ber i oss frå urmennesket. Skog, eng og sjø har verdiar som kan tilfredsstille meir grunnleggande behov enn dei blankpolerte kjøpedoningane vi installerer oss i. Men vi treng noko basiskunnskap for å leggje ut på dette eventyret. Kva kan vi rekne med å finne uti der? Kva må vi sokne oss fram til? Gåta om fjorden din kan vera ein god start på eventyret om nærmiljøet.

Til våren
Til våren skal eg setje eit garn i vika der eg lærde å symje. Berre for å starte i nærfjøra – og finne ut kven som bur der. Kan hende lærer eg meir på ei garnsetjing enn på månadsvis med fjernsynsmåping, avisblading og offentlege himmelfjerne prinsessehistoriar? Kan hende kan eg tar attende noko av fjordulkens rike kunnskapsbase berre ved å sleppe ned eit snøre – omlag der eg hugsar han låg ? Glytte over ripa etter botnsylv frå djupet og kjenne urkjensla av fangstglede. Sitje storøygd og ovundre det sprelande livet under meg. Mate havmåsen med småfisk til han søkk under flygeførleikmerket. Kjenne lukta av rå sjøange blanda med det levande frå djupet. Hauste og lære noko som gjekk meg forbi i jaget etter bokleg kunnskap og ubrukelege teoriar.

Vi skulle visst meir om den torva vi trør på
Ikke slik å forstå at ein treng det for å overleva – men mest fordi vi må innsjå at naturen er eit vanrøkta område for ein generasjon med globalt perspektiv på alt som rører seg der ute. Utanfor vår påverknad og nytteområde. Vi skulle visst meir om den torva vi trør på og den fjorden vi ror på, enn om det vi konsumerer av gagnlaus fjernkunnskap.

Nyleg stod eg under grågåsvegane og beundra dei plogkjeftande storfuglane. Tre av barnebarna mine kom forbi og lurte på kva eg stira på. So fekk vi eit kjærkome høve til å prata litt om eit naturunder. Mykje kan tenkjast og undrast når ein ser slik klokskap på himmelen. Samhandling på skyhøgt plan. Det er lærerikt å bu under grågåsvegane.


Jan Spurkeland