Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Revir hjå måse og menneske

Feriestarten på hytta gjer meg tankefull. Eit måsepar har overteke eigedomen sidan vi sist var her for ein månad sidan. Ikkje er det lett å slost mot denne superflygaren med fullada magasin i buken. Eit forsiktig besøk på verandaen er nok til å oppleve stupangrep, akkompagnert av det umusikalske skriket frå desse jetflygarane. Reiret har eg enno ikkje sett, men det ligg truleg på vårt territorium. Det vil gå dagar og veker med å tilpasse samlivet mellom måse og menneske. Eg ser for meg ein utrivelege revirstrid på verandaen, ein strid eg aktar å vinne på sikt. Men måsar har også eit naturleg behov for å ta herredøme over eigedomar, sjølv om vi menneske ordnar oss med skjøte og papir før vi sler oss ned. Med stor respekt for desse primitive revirkreftene må eg starte ei vanskeleg samhandlingsøving. Førebels sler eg opp ein stor parasoll - i von om at måsen ikkje angrip under parasollen.

Revirkrefter
Desse urkreftene melder seg hjå oss menneske i utruleg mange høve. I ein busskø og i ein matkø går det knapt to sekund før ein kjenner eigarskap til ein plass i køen.

Når ein står i avgangskøen på ein flyplass ser ein det ekstra godt. Menneske pressar seg mot skranke og utgang som om det var ein konkurranse om å koma med. Vi tek rettar til sitjeplassar på bussar og tog etter få sekunds opphald. Menneske som ein gong har vore inni eit rom, vil søkje attende til same plassen i romet etter års fråvær. Vi hugsar utruleg godt herredøme – og opphaldsrettar vi ein gong hadde. Fornuften i dette er kopla vekk, vi er overstyrte av emosjonelle urkrefter vi ikkje har kontroll over. Vi må bruke mental styrke på å ta fornuftskontroll over urmennesket i oss om vi vil endre på dette.

Beviset på slike umedvitne krefter merkar ein ved at ein kjenner irritasjon og uro når nokon fortrengjer oss i køar eller tek sitjeplassen vår ved kjøkenbordet. Ikkje rart at måseparet reagerer sterkt når eg viser meg på verandaen.

Konsekvensar
Det er nok mellom anna desse kreftene organisasjonar ikkje skjønar i omstillingstider. Umedvetne rettar og revir herjar med alle menneske uansett kor kloke og mentalt dyktige dei er. Å gje frå seg retten til kontor, bord og stol er meir enn ein organisatorisk plan. Det skapar motkrefter ein ikkje kan verja seg mot. Det går på sjølve tryggleiken laus og set oss i kampmodus. Om ein er utrygg frå før, kan dette bli dramatisk. Nokon vert sjukemelde av å flytte frå kontoret sitt. Andre må nedkjempe motstandskjensler og etablere eit fornuftsvar for å meistre flyttesjauen. Vi er utsette for primitive krefter frå djupet i hjernestammen vår. Krefter som kan sikre oss overleving og ei framtid. Ikkje rart at måsen tenkjer på avkom og sikring av nye generasjonar.

Destruktive uttrykk
Når slike reaksjonar får fritt spelerom og næring, kan menneske gå i langvarig og permanent krigsmodus. Rettar knytt til juridisk rettferd for eigedom og trussel mot maktbasar mobiliserer svære indre kjensler av ustyrlege negative straumar. Nye kjensler koplar seg på urkjensla av revirrettar og snart får det nye dimensjonar som menneske stundom ikkje klarer å overstyre med fornuft.

Når sjalusi, misunning og hat koplar seg på misser mange evne til å tenkje klårt. Dei berre angrip i blind og destruktiv kamp – akkurat som måsen på verandaen min. Den språklause (men ikkje skriklause) måsen kan eg tilgi. Verre er det med språkmektige, rasande og forsmådde revirforsvararar i menneskeverda.

Når dei ikkje lenger velgjer dialog og fornuft, kjem dei i selskap med måsen. Vi vert reduserte til enkle naturvesen som heilt er styrte av overlevingsdrifta. Mennesket på sitt mest primitive er ikkje særleg sympatisk. Slik oppstår nabokrangel so vel som nasjons – og religionskrigar. Det handlar om retten til å ha plass - og retten til å ha rett.

Sameksistens
Eg og måsen skal klare dette – det skulle berre mangle. Eg stiller med mykje meir innsikt (trur eg sjøl då) i kva det er som føregår mellom oss. Med slik overmakt skal eg unne måseparet mellombels rettar på mitt territorium. Dei dreg sin kos når ungane er flygedyktige. Dei vil vinke til meg på seinsommaren og takke for samlivet. Eg skal vinke attende og sei at eg vil sakne dei. Der dei ror kvar dei vil i eit rike av nyting og luftrom. Eg skal kjenne litt på misunninga over deira elegante rørsler og førestille meg kva oppleving det vil være å fylgje med dei - berre for ein dag. Tenk for ei rusande og svevande godkjensle det må vera å hengje og gli på luftstraumar og sjå ned på puslete, stabbande menneskekrek.


Jan Spurkeland