Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Kattane veit

Ein annan intelligens
Mangt er ei gåte i dyreverda. Einskilde menneske meiner dei har evner til å kommunisere med dyra og lære deira språk. Me andre kan undre oss over det me opplever som vitnar om høg klokskap og andre former for intelligens. Er det slik at dyra skjønar andre sider ved livet enn vi menneske? Mange dyrehistoriar kan tyda på det. Særleg undrar eg meg over dyra si evne til å orientera seg i naturen. Ei sann kattehistorie fortel om ein katt som vart frakta i ei lystett pappkasse i bilen til eigaren ca 15 km. Han var på flyttefot og ville flytta katten med. Men då han dagen etter skulle henta fleire saker frå gamlehuset, var katten attende i gamletunet. Det same hende enno ein gong. Katten var ikkje flytteklar og søkte via terrenget attende. Men då eigaren til slutt tok med den utslitne lenestolen katten ofte sov i, roa han seg i nyehuset.

Ei anna soge fortel om katten si evne til å oppfatte menneskespråk. Kjetta hjå eit ektepar hadde fått fire kattungar. So står dei to ein dag over kattekassa og bestemmer seg for kven av ungane som skal få leva og kven som må avlivast. Dagen etter er dei avlivingstrua ungane borte. Mora hadde drege dei i tryggleik.

Dyreverda
Eg er so heldig å bu mellom villkattar, hestar, grisar, villsauer,ender, påfuglar, kaninar og alle vestlandsnaturens ville dyr. Soleis kan eg søkje råd hjå mange ulike intelligensar. Mange observasjonar gjev meg grunn til å undre meg. I mars – april vart det fødd om lag hundre villsaulam her på garden. Fødslar som føregjekk ute og utan assistanse frå oss menneske. Fødslar i snø, fødslar under berg og mellom einebuskar. Heile tida med truande fiendar på alle kantar. Ravn og kråke sat på kvar grein klar til å avliva dei nyfødde om mora veik ein meter unna dei. Men sauemora skjøna alle farane og verna dei nyfødde. Ein distanseobservasjon av ein villsaufødsel gjorde sterkt inntrykk. Sauen søkte einsemd når fødselen stunda til. Ho breka av smerter, men fann seg ein lageleg stad i terrenget. So byrja fødselsritualet for villsauer. Ho la seg ned, rulla seg rundt, sparka i veret med beina, reiste seg opp og gjorde ei rekkje andre aktive fødselsøvingar for å unnfanga krypet. Etter om lag 20 minuttar førebuande åtferd, var brått fødselen i gong – og over på få sekund. Mora reiste seg og starta sleiking og stell av det liggjande lammet. Etter nye 20 minuttar var lammet i stand til å stå og suga mor si. Heile tida var ho tett krypet og orientert mot åtselsfuglar og dei andre åndsfrendane som beita eit stykke unna. Snart varsla ho sine hundre kollegaer og dei søkte innåt som for å danna ein tryggleiksring og integrera det nye medlemmet. Me nyttar ordet instinkt, ei form for umedviten forståing, for å forklåra denne klokskapen. Me menneske vil gjerne ha monopol på mental dugleik. Men er det slik? Er det ikkje på tide å revurdera og omdefinera dyreintelligensen slik at den i det minste får status som spesialkompetanse på overleving?

Det fråkopla mennesket
Fleire og fleire får eit distansert forhold til dyreverda, og misser evne til å forstå og søkja råd hjå dei ”annleis tenkjande”. Undringsstadiet er første trinn inn i denne verda. Observasjon og spørjing følgjer deretter. So vil respekten smått om senn auka og få kraft til å opna ei gløymd verd. Det me trur er avansert og overordna dyreverda er kan henda berre eit blindspor bort frå overlevinga – det primære ved livet på jorda. Mykje tyder på at dei maktsjuke toppane i verda ikkje har skjøna ”katten”. Dei styrer mot avgrunnen, men seier at dei tek vare på jorda. Det ukloke er tydelegare for kvart vedtak.

Eit katteråd
Sjå føre deg George Bush sitja midt i ein ring av kattar. Kva råd ville han få i store utanrikspolitiske spørsmål? Kattane ville truleg først sagt noko om reviret hans og gjeve råd om å ikkje okkupera andre sitt revir. So ville dei fortald grufulle soger om hannkattar som kom heimatt sundrivne og kastrerte etter tokt inn på andre sitt revir. Dei mista status i eigen flokk og måtte trekkja seg frå høgstatusrollar. So ville dei råda han til å ordna alt til det beste innan eige revir. Sjå til at kjettene og ungane hadde det godt og at alt var i pakt med den overordna og stormektige naturen. Deretter ville dei trekkja seg attende frå ringen og overlata Bush til seg sjøl og refleksjonane. Etter nokre dagar ville dei atter samla seg rundt den ressursmektige og krevja eit svar frå menneskeføraren. Og det kan du vera trygg på, Bush : Kattane veit !

Det merkelege hende nett no. Medan eg sat og skreiv desse siste orda, sette ein framand katt seg utanfor vindauga og såg klokt og spørjande på meg!

Jan Spurkeland