Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Sett frå mitt Reflektorium

Panikk-tida vi lever i
Det kan sjå ut til at alt snørar seg til - reint øonomisk. Frå statsminister til træl spring alle rundt og spår nedtur etter nedtur – frå krise til katastrofe. Velstanden – den materielle vel og merka – stuper som tunge snøras frå tindar av glitrande overtung fortid. Festen er over og konsolideringstiltak hjelper ikkje. Ekspertar er ikkje truverdige – dei har ikkje slike referansar i sin historielause haus. Vintertankar trugar heile verdssamfunnet. Som ein utmagra isbjørn søkjer vi kvilelaust rundt i eit matfattig ukjend terreng. I vonløysa glyttar vi mot Island som har hamna i sotteseng og treng intravenøs næring og kunstig åndedrett. Vi sender smular i vesterveg og vonar gamle vener hanglar seg gjennom vinteren. Finansulvar hyler på kvar haug. Alt medan månen og stjernehimmelen er like vakker som før – og det ”lyser i stille grender”. So snøgt kan det snu. Eit historisk skilje synest vera ein realitet. Meklarar og pengeflyttarar rømer som rotter frå ei brennande mølle. Ut i den vinterkalde natta der det kun brenn ein liten mellombels oljefakkel.

Dei måtehaldne trauste
Men nokre held seg fast i det enkle livet dei alltid har levd. Fisken i fjorden og rypa på fjellet. Budde på skiftande tider og vekslande år. Visse på at sju magre år brått er her. Ei garnlenkje og ti snarer gjer same nytten anten børsen stengjer eller opnar. Sauen beiter like roleg på bøen om halve jorda bivrar i øko-sjokk. Dei måtehaldne og trauste får sin renessanse. Dei har vore ute ein vinterdag før. Dei urøynde går tyngre tider i møte. Nauda lærer ikkje naken kvinna å spinna – når ho aldri har sett ein ulldott. Det røynslelause mennesket vert like hjelpelaust og primitivt som ein svolten ulv. Det set seg på ein haug og hyler mot offentlege forsyningskontor. Det kan minne om den blinde fallskjermhopparen som ikkje skjøna at bakken nærma seg før snora på førarhunden vart slakk.

Lærde vi ingenting?
Alle dei som hugsar tida før, under og etter siste verdskrigen veit noko om måtehald og velferdskriser. Dei som gjekk med naudsynte bøter i buksa hugsar enno strev og småkår. Lærde vi ingenting av magre tider og rasjoneringskort? Skal kvar generasjon fortvila like djupt når krisa tek tak? Dei som ein gong har stramma livreima burde vite kor det kjennest. Slik sett går vi kanskje inn i ein bratt læringskurve. Korleis klara seg med mindre? Korleis setja tæring etter næring? Korleis organisera eit enklare liv?

Innovasjon
Kriser krev tankearbeid. Verda er inne i ein historisk og gigantisk refleksjonspause. No må marknadsøkonomien revurderast som styringsstrategi. Vi kan ikkje blåsa opp ein kunstig verdivekst som ikkje har røter i fakta. Vi kan ikkje la spekulantar gamble med samfunnsvelferd og opparbeidde goder. Vi treng politikarar som held fast på eit minimum av kollektive goder. Men det vi treng mest av alt er at mange ser nye perspektiv på ei ny framtid. Kva kan vi utvikle av bærekraftige næringar og naturvennlege verksemder? Vi har ein unik sjanse til å nyskape eit varig og stabilt arbeidsliv som er i harmoni med den kloden vi lever på. Det burde setje millionar av hjerneceller i gang i ein optimistisk og kreativ prosess.

Spennande år
Historia vår syner at maktstrukturen i verda endrar seg. Kanskje går det no hurtigare enn vi likar å tru. Er det slik at det pengesterke Amerika og Europa har hatt si glanstid? Er herrefolket i ferd med å bli tenestefolk? Kor raskt vil det gå? Dei siste månadene tyder på at velferdshjulet dreiar fortare enn vi klarar å oppfatte. Panikken i verda breier seg som ei gigantisk flodbølgje. Det neste året vert meir enn spennande. I suget etter bølgja ligg det det uro og konfliktar. Ingen kjem unna i ei samanvoven verd. Eit symbiotisk system av samlivspartar som vekslar om rollane vertskap og parasitt.

Men først er det jul
Denne jula vert annleis. Vi har vakna denne hausten til daglege uromeldingar om økonomiske attendeslag. Til jul er vi fullvakne og realitetsklåre. Men først må vi feire velferdsjula slik den smellfeite tradisjonen har for vane. Alt godt er på plass. Vi vender ikkje krona før vi må. Enno nyt vi overfloda. Ei kollektiv benekting gjer oss blinde nokre veker. Men i 2009 kjem det – då får vi sjå kor velstanden rører seg. Om vi må ut att på åkrane med setjepoteter og dyrka opp att matjorda. Om vi må tenkja meir sjølberging enn vi i oljealderen har lært oss til. Det neste året vil gje oss realismen attende. Det kan vi ha godt av.


Jan Spurkeland