Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Mer enn jobben, september 2010

Draumejobben

Vår tid gjev rom for større valfridom. Ingen treng avgrense seg til det naudsynte – det vi gjer for å overleve. Sjøl om einskilde vil hevde at dei er stuck - bundne til sin lagnad og sitt lokale liv – må vi halde fast på at samfunnet set få grenser.
Vi kan hoppe og danse kvar vi vil. Men om vi dansar på ein femøring eller i ei rundkjøring er opp til oss. Verre er det å setje kurs ut av rundkjøringa. Tryggleiken bind oss og det forutseielege har eit nakketak vi ikkje utan vidare kan vri oss unna. Klaven sit fast og bjølleklangen er kjær. Rutiner gjev oss ro i sjela – det har munkar og nonner alltid visst.
Likevel er vi på søk. Leiter etter større samsvar mellom kvardagen og noko inni oss. Er rollen vi spelar nær eller fjern frå den indre dugleiken vi alle ber på. Det vi lenge har visst - om vi fekk tid til å utforske oss sjøl. Slik foreldra våre aldri fekk overskot til. Finne kjernerolla si der alt stemte. Når lagnadslekkjer strama var det heller eit spørsmål om å danse med lekkjene på. Nokre millimeters fridom finst det då alltid !
Lekkjene er lause og lagnaden lyt utfordrast. Difor søkjer vi utover mot høgare grad av meining. Harmoni mellom ytre og indre liv. Desse resonansklangane som fortel oss at no er sjel og syssel i samklang. Vil jobben i dag gje resonans i sjela ? Merkar vi at noko vart opphøgd i ei større fullkome ? At noko gjekk i mål og gav oss indre meining ? Meir enn løn og kontoauke. Noko eg hadde bruk for bortanfor alt det gagnlege. Kor mange sekund og minuttar av dagen min var eg i kjensla av fullkoma ?
Frå psykologien veit vi at mange menneske kjenner seg i arbeidsroller som ikkje oppfyller indre behov. Men dei kan vera så nær at dei likevel finn arbeidet meiningsfullt og gjevande. Dei arbeider i overflateroller som gjev nok mental overtyding om nytte og bytte. Arbeidet går godt og den ytre stimulansen fortel oss at vi fyller eit jobbhøl i samfunnet. Men noko fortel dei at dei framleis leitar etter meir samsvar. Dei spør seg eit eksistensielt spørsmål: Kor høg treffprosent har eg i utdanning og jobbinnhald ?

Legning og lagnad
Kvar gong du vert sliten av jobben kan du undre over om slitasjen ligg i sjølve møtepunktet mellom legning og lagnad. Mange vert sjukemelde av uforståelege grunnar. Doktorar skjønar ikkje alltid årsakene, men innser konsekvensane. Pasienten skjønar gjerne like lite - om han er aldri so mykje er ekspert på eige hovud – og konkurrent til fastlegen på kroppsplager. Når legning og lagnad ikkje har treffpunkt, vil det meste kjennast tungt. Når noko- om ikkje alt – stemmer vil det hangle og gå. Når mykje eller alt stemmer vil du danse utan å bli sliten. Spørsmålet blir då om legning let seg undersøkje ? Er det mogeleg å granske eigen legning så langt at ein ikkje utset seg for uleveleg lagnad ? Vår tids personlegdomstestar har varierande og mindre truverdige skussmål. Vi treng meir djupneboring for å finne fast fjell. At nokon tener seg rike på å bore etter legning gjer ikkje boreutstyret betre. Vår tids boreutstyr rotar i overflata. Det gjev i beste fall ekkosignal om generelle overflatetilstander.

Signaturen vår
Signaturen vår er ein persons unike legning ulik alle andre menneske på kloden. Det er eit avtrykk av eit menneskesinn som ikkje har sin tvilling eller motstykke. Legningssignaturen finst ikkje under mikroskop eller i testresultat. Den er kvart menneske sin indre komposisjon. Noko vi ber med oss på jobb og i heim. Vi er vandrande, spennande og lite leselege signaturar. Men vi oppdagar noko av signaturen – det som gjev oss resonanskjensler etter som livet buktar seg vidare. Sikraste er det når oppgåver og aktivitet gjev indre gjenklang. Når syssel og sjel treff kvarandre. Jobben gjev energi - den slit ikkje meir. Dette er viktig å registrere i kvardagen. Då kan medarbeidarsamtalen verta ei reise gjennom treffpunkt mellom legning og lagnad. Og doktorkonsultasjonen ein refleksjon omkring syssel og sjel. Litt etter litt kan eit reflekterande menneske avdekkje sin eigen signatur. Når den er leseleg, vil kvart individ fort leite opp draumejobben. Overflateroller er ikkje lenger tilfredstillande for menneske som skjønar sin kjernerolle. Den jobben som best korresponderer med legning. Ei nyare undersøking fortel at 69 % av alle arbeidstakarar ser seg om etter ein annan jobb. Det forklarlege motivet handlar ofte om løn og karriere. Attom og under dette grådige makt og konsumbehovet ligg djupare og signaturstyrte behov. Her finn ein behov for å få brukt kjærleik, lære meir, oppleve livsglede og bidra til eit betre samfunn. Mange tenkjer gjerne at jobben kun skal gje økonomisk grunnlag for å kunne tilfredsstille signaturbehov på fritida. Det blir eit jobbliv på akkord med deg sjøl. Arbeidslivet kan ikkje fyllast med lønsjegrar. Majoriteten må jakte på fullkoma – opplevinga av å få brukt det beste i seg sjøl.

Jan Spurkeland